Showing posts with label old stuff. Show all posts
Showing posts with label old stuff. Show all posts

Teikneseriar?

Då eg var yngre, hadde eg ein draum om å bli teikneserie-teiknar. Det varte ikkje så veldig lenge frå eg prøvde å teinka nokre striper, til eg fant ut at det ikkje var noko for meg. Det var liksom ikkje heilt mi greie, for å sei det mildt. Eg fann blandt anna på ein karakter som heitte "Funky Mr. Hatman" , jau.. Han var ikkje store suksessen. Men eg tenkte at det kanskje var litt morosamt å visa fram her på denne bloggen. Blir mykje rart i mimrekategorien, merkar eg.
Funky Mr. Hatman, ein karakter utan sjel og poeng!


Og denne, som ikkje har eit sluttpoeng eingong. Eg tenkte at katten kunne tenke " Eg fekk i det minste napp." Men det blei litt korny..
*trykk for å sjå strørre*

Mimring3: Skien 09

Dårlig biletekvalitet på desse bileta, men eg har gitt dei bort og har ingen sjangs til å fikse på det. I fjor, altså 2008/09 , jobba eg som kreativ medarbeidar i YWAM Skien, me var eit team som dreiv med musikk, kunst ol. Det er litt kjekt få litt oversikt over nokon av maleria som blei malt! Det var eit fint og kreativt år!

Eg maler pittelitt om dagane no, ikkje så mykje, så det blir ein del mimring her på bloggen..Men det er kos det og?

Faith, hope and love
Akryl på lerrett
30x30cm
in property of Theresa F
Sommaren 2009


Give or take
Akryl på lerrett
100x100 cm
In property of YWAM Skien
Våren 2009



Tre
Akryl på lerrett
30x60cm
In property of fam. Vistnes
Hausten 2008

Mimring2. Høst 09

Inspirasjon:
(eg hugsar dessverre ikkje kor eg fant dette bildet!)


Resultat:


Fakta:
Bubbles
Akryl på lerret
Høsten 2009
In property of Regine E.

Mimring1:Heime sjå ho mor

La meg visa dykk alle maleria mine som ho mamma har hengt opp i huset gjennom åra!

Mitt aller fyrste "maleri", hehe..


Ei materiale-prøve med materialer som papp, lim og pigmentblå. Eg berre lo når ho kom og henta det på rommet og sa at ho ville ha det. Men det har vokst på meg iløpet av åra...heh



Desse to fekk ho til 41års-dagen sin. Pluss at eg fekk dei godkjent som eksamensopg. på vgs. Dei er spesiallaga til stova hennar, med fargar som mamma elskar og abstrakte svaner som mamma også likar, hehe.


I mellomtida har eg oppdatert litt i galleriet, og held på og male på sjølvportrettet(forrige innlegg)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...