Showing posts with label ideas. Show all posts
Showing posts with label ideas. Show all posts

Idear


Eg har så mange idear i hovudet mitt. Men så lite overskudd til å mala. Men her er ein ide som kom flygande etter eg las boka Engelens spill, ei bok som ikkje var så god som forventa, men likevel gjorde inntrykk på meg. Eg ser for meg ein mann med byen hengande over seg, som store slitne personat. Og med ein litt creepy engleskikkelesle i bakgrunnen. Så vidt tydeleg. Viss du oppfatta stemninga, så var det slik boka var eigentleg.

Nytt portrett undervegs

Blei litt hekta på portrett-arbeidet når eg gjorde dette.. Så no har eg rota meg fram i gamle mapper på dataen, og der fant eg ei mappe med bilder som heita "dette vil eg mala ein gang". Og i den mappa fant eg nemilg eit bilete av vakre Elisabeth:
Så dette driv eg å prikar og putlar på med når eg orkar. Pluss at eg fortsatt ikkje er ferdig med sjølvportrettet enndå. Det blir litt her og litt der, men det er berre kjekt.
Oppdatering kjem når eg er ferdig kan eg tenka meg, om dykk ikkje vil sjå prossessen? nææh, det er litt uintressant? Er det ikkje?

Take The Sky

Idè: Ting Som Kan Fly.
"So I Spread My Wings And Take The Sky"

Inspirasjon: Banksy & Diorjenta



Eg er fasinert av ting som kan fly, samtidig som eg er kjemperedd for det!
Men det er viktig for meg å bekjempe den frykta,og ein stor del av det for meg,
er å sjå skjønnheten i det.

Mi skisse:
Produkt:


Facts:

12x18 cm
Akryl på bomullslerrett
Tid: ca 1 time
Salgspris: 100 kr
In property of Theresa Forsander

Prosjekt: Guterom

Min veslebror har ønska seg eit maleri på rommet sitt, slik at han kan bytta ut eit barnsleg "alle dyra-bilete" som han etter si eiga meining er aaaaaalt for stor til! Han er 7 år og elskar dataspel og teikneseriar og eventyr, så derfor valgte han at motivet på maleriet skulle vera Sonic The Hedgehog. Problemstillinga blei litt meir komplisert då me fant ut at han skulle vera med å male det sjølv, men det er berre kjekt med ein utfordring! Me surfa litt rundtomkring for å finna inspirasjon:


Då han såg dette, vart saken avgjort, berre det at han ville ha den raude figuren istadenfor den kvite her.

Ivrige og engasjerte satte me i gong, og nokre timar seinare(og MYKJE info av kven desse figurane var, kvaslags superevner dei har og kva planet dei bur på) så blei dette resultatet:
Det vart bra synes eg, det er tross alt ein 7åring og ein 22åring som har såte og klatta med penslane på ein gong! Eg kunne ha retta på dei skeive strøka han, og gjort det plettfritt, men då hadde me jo ikkje gjort det samam! Også er det litt sjarmerande!

facts:
Akryl på lerrett
30x40 cm
tid; 1-2 timar
pris: ca 150 kr
in property of Vetle BS;)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...