Showing posts with label comic. Show all posts
Showing posts with label comic. Show all posts

Creativity comes and goes as she pleases

 I am currently not very creative. So I dug down in my archive.
Here is what I found. 
Enjoy:)




Veslemøy Serien

Eg likar denne serien så godt, monge gullkorn og fine tegningar!
You go girl!

Lik på facebook

Nerdy fakter..

I det siste har eg øvd meg litt på digital tegning og teikneserie-geier. Når ein har tegning som hobby, synes eg det er ganske rart at eg her heilt uerfaren med digitale vertøy. Heldigvis er google min ven!

Denne zombiestripa kom fram av at eg sat og øvde meg, og fekk lyst på sjokolade. Eigentleg så har eg alltid lyst på sjokolade. Så det er ikkje rellevant, i grunn..

 
Kva synes du? 
kilde!*må sees*

Dag 13 : Teikneserie

Eg pleiar ikkje å lika banning. Men eg likte denne ideen, for den var liksom litt snill på innsida, hehe. Så det fekk bli dag 13 i prosjektet.

(Har låge i senga og tutla med denne heile dagen, sjølvom eg er heilt slått ut av influensa)


*klikk for å sjå større*
 

Teikneseriar?

Då eg var yngre, hadde eg ein draum om å bli teikneserie-teiknar. Det varte ikkje så veldig lenge frå eg prøvde å teinka nokre striper, til eg fant ut at det ikkje var noko for meg. Det var liksom ikkje heilt mi greie, for å sei det mildt. Eg fann blandt anna på ein karakter som heitte "Funky Mr. Hatman" , jau.. Han var ikkje store suksessen. Men eg tenkte at det kanskje var litt morosamt å visa fram her på denne bloggen. Blir mykje rart i mimrekategorien, merkar eg.
Funky Mr. Hatman, ein karakter utan sjel og poeng!


Og denne, som ikkje har eit sluttpoeng eingong. Eg tenkte at katten kunne tenke " Eg fekk i det minste napp." Men det blei litt korny..
*trykk for å sjå strørre*

Dag8: Animert figur





Dette er Stewie, han er ein baby som er smart og litt ondskapsfull. Han vil ta over jorda og kontrollera alt. Han snakkar britisk og er veldig smart, men ingen forstår kva han seier. Eg likar han. Kvar er humoooren min? Out tha window.... Tegna for hand, farga på dataen woot woot.

Prosjekt: Guterom

Min veslebror har ønska seg eit maleri på rommet sitt, slik at han kan bytta ut eit barnsleg "alle dyra-bilete" som han etter si eiga meining er aaaaaalt for stor til! Han er 7 år og elskar dataspel og teikneseriar og eventyr, så derfor valgte han at motivet på maleriet skulle vera Sonic The Hedgehog. Problemstillinga blei litt meir komplisert då me fant ut at han skulle vera med å male det sjølv, men det er berre kjekt med ein utfordring! Me surfa litt rundtomkring for å finna inspirasjon:


Då han såg dette, vart saken avgjort, berre det at han ville ha den raude figuren istadenfor den kvite her.

Ivrige og engasjerte satte me i gong, og nokre timar seinare(og MYKJE info av kven desse figurane var, kvaslags superevner dei har og kva planet dei bur på) så blei dette resultatet:
Det vart bra synes eg, det er tross alt ein 7åring og ein 22åring som har såte og klatta med penslane på ein gong! Eg kunne ha retta på dei skeive strøka han, og gjort det plettfritt, men då hadde me jo ikkje gjort det samam! Også er det litt sjarmerande!

facts:
Akryl på lerrett
30x40 cm
tid; 1-2 timar
pris: ca 150 kr
in property of Vetle BS;)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...