Showing posts with label product. Show all posts
Showing posts with label product. Show all posts

Origami windchimes

Today me and Katrine made Origami! I thought her how to do it, and she made this beautiful decoration for her window!:)
 Kartrine with her Origami windchime
 Details


 I made this one!

Ida, vil du ha dette maleriet?

Directions
20x20 cm
Akryl
Malt i dag

Ida gav meg dette fantastiske broderiet, berre fordi eg spurte!
Då spør eg deg om du vil ha dette som takk? (Fargane er pittelitt sterkare enn på bilete)
Copyright @IDA

Mimring3: Skien 09

Dårlig biletekvalitet på desse bileta, men eg har gitt dei bort og har ingen sjangs til å fikse på det. I fjor, altså 2008/09 , jobba eg som kreativ medarbeidar i YWAM Skien, me var eit team som dreiv med musikk, kunst ol. Det er litt kjekt få litt oversikt over nokon av maleria som blei malt! Det var eit fint og kreativt år!

Eg maler pittelitt om dagane no, ikkje så mykje, så det blir ein del mimring her på bloggen..Men det er kos det og?

Faith, hope and love
Akryl på lerrett
30x30cm
in property of Theresa F
Sommaren 2009


Give or take
Akryl på lerrett
100x100 cm
In property of YWAM Skien
Våren 2009



Tre
Akryl på lerrett
30x60cm
In property of fam. Vistnes
Hausten 2008

Mimring2. Høst 09

Inspirasjon:
(eg hugsar dessverre ikkje kor eg fant dette bildet!)


Resultat:


Fakta:
Bubbles
Akryl på lerret
Høsten 2009
In property of Regine E.

Mimring1:Heime sjå ho mor

La meg visa dykk alle maleria mine som ho mamma har hengt opp i huset gjennom åra!

Mitt aller fyrste "maleri", hehe..


Ei materiale-prøve med materialer som papp, lim og pigmentblå. Eg berre lo når ho kom og henta det på rommet og sa at ho ville ha det. Men det har vokst på meg iløpet av åra...heh



Desse to fekk ho til 41års-dagen sin. Pluss at eg fekk dei godkjent som eksamensopg. på vgs. Dei er spesiallaga til stova hennar, med fargar som mamma elskar og abstrakte svaner som mamma også likar, hehe.


I mellomtida har eg oppdatert litt i galleriet, og held på og male på sjølvportrettet(forrige innlegg)

Take The Sky

Idè: Ting Som Kan Fly.
"So I Spread My Wings And Take The Sky"

Inspirasjon: Banksy & Diorjenta



Eg er fasinert av ting som kan fly, samtidig som eg er kjemperedd for det!
Men det er viktig for meg å bekjempe den frykta,og ein stor del av det for meg,
er å sjå skjønnheten i det.

Mi skisse:
Produkt:


Facts:

12x18 cm
Akryl på bomullslerrett
Tid: ca 1 time
Salgspris: 100 kr
In property of Theresa Forsander

Prosjekt: Guterom

Min veslebror har ønska seg eit maleri på rommet sitt, slik at han kan bytta ut eit barnsleg "alle dyra-bilete" som han etter si eiga meining er aaaaaalt for stor til! Han er 7 år og elskar dataspel og teikneseriar og eventyr, så derfor valgte han at motivet på maleriet skulle vera Sonic The Hedgehog. Problemstillinga blei litt meir komplisert då me fant ut at han skulle vera med å male det sjølv, men det er berre kjekt med ein utfordring! Me surfa litt rundtomkring for å finna inspirasjon:


Då han såg dette, vart saken avgjort, berre det at han ville ha den raude figuren istadenfor den kvite her.

Ivrige og engasjerte satte me i gong, og nokre timar seinare(og MYKJE info av kven desse figurane var, kvaslags superevner dei har og kva planet dei bur på) så blei dette resultatet:
Det vart bra synes eg, det er tross alt ein 7åring og ein 22åring som har såte og klatta med penslane på ein gong! Eg kunne ha retta på dei skeive strøka han, og gjort det plettfritt, men då hadde me jo ikkje gjort det samam! Også er det litt sjarmerande!

facts:
Akryl på lerrett
30x40 cm
tid; 1-2 timar
pris: ca 150 kr
in property of Vetle BS;)

Portrett: Katrine og Kristian!

Her er portrettet av fine Katrine og Kristian! Det er veldig vanskelig å få tatt bra bilete av malerier! Blitsen berre øydelegger/reflekterer i malinga, men utan blits så blir det berre blurry..blaaah! Så eg må berre seie at det ser mykje betre ut i virkelegheita! Eg er rimeleg nøgd! Dette er mitt fyrste portrett sidan ei sjølvportrett-oppgåve i 2vgs.(Som er ganske lenge sidan!) Eit portrett etter foto, er fint å mala fordi det ikkje krever så mykje kreativitet, ein må ta ein del valg om fargar og komposisjon, men det er ein "lett" oppgåve ifht abstrakt og kreative oppdrag. Meinar no eg vertfall!


facts:
25x50 cm
Akrylmaling på bomullslerret
tid:ca 2-3 timer
(I ein salgssituasjon ville eg sagt ein pris på ca 200kr.
Men dette er ei venninnegave som skal gis bort med glede:)

Her er orginalbiletet som eg har sett etter og redigert litt på:
Så...trommevirvel...kva synes du?
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...