Prosjekt: Guterom

Min veslebror har ønska seg eit maleri på rommet sitt, slik at han kan bytta ut eit barnsleg "alle dyra-bilete" som han etter si eiga meining er aaaaaalt for stor til! Han er 7 år og elskar dataspel og teikneseriar og eventyr, så derfor valgte han at motivet på maleriet skulle vera Sonic The Hedgehog. Problemstillinga blei litt meir komplisert då me fant ut at han skulle vera med å male det sjølv, men det er berre kjekt med ein utfordring! Me surfa litt rundtomkring for å finna inspirasjon:


Då han såg dette, vart saken avgjort, berre det at han ville ha den raude figuren istadenfor den kvite her.

Ivrige og engasjerte satte me i gong, og nokre timar seinare(og MYKJE info av kven desse figurane var, kvaslags superevner dei har og kva planet dei bur på) så blei dette resultatet:
Det vart bra synes eg, det er tross alt ein 7åring og ein 22åring som har såte og klatta med penslane på ein gong! Eg kunne ha retta på dei skeive strøka han, og gjort det plettfritt, men då hadde me jo ikkje gjort det samam! Også er det litt sjarmerande!

facts:
Akryl på lerrett
30x40 cm
tid; 1-2 timar
pris: ca 150 kr
in property of Vetle BS;)

2 comments:

  1. så koseligt at dåkk har malt bilde samen! d blei bra! og eg tippe vetle eg fornøyd og gla! Og eg syns bilde av oss og blei veldig bra! du e goe! glede meg t å henga d på veggen!! :) love u! <3

    ReplyDelete

:)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...